Torever: Det var varsla på førehand at det kunne bli litt vêr i dag. (Arkivfoto)

Lynnedslag førte til straumbrot

Det small godt i bygda i Bjørnafjorden Aust torsdag morgon.

Like før klokka halv seks i dag tidleg, skal det ha kome eit brak som gjorde at det rista i hus i Strandvik.

Straumen forsvann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Driftssjef i Lysna AS, Rolf Oen, fortel at lynet slo ned i ein transformator i Strandvik.

— Det skjedde i 05.30-tida - på Tuft. Årsaka til straumbrotet er overspenning i transformatoren. Vi rykte ut og har skifta denne. Straumen kom attende i 9-tida, fortel Oen.

Det var varsla på førehand at det kunne bli litt vêr i dag. Oen har ikkje andre hendingar å melda om.

— Nei, det var med den smellen i Strandvik. Vi har elles ikkje registrert noko meir, seier han.