Fekk beskjed tysdag: Tysdag morgon fekk Bjørnafjorden kommune melding frå Joint Battery Initiative (JBI) om at Lyseparken ikkje nådde opp i konkurransen om batterifabrikk.

Lyseparken er ute av kampen om batterifabrikk. Dette seier ordføraren etter avslaget

Bjørnafjorden kommune fekk meldinga tysdag morgon.

Tysdag morgon fekk Bjørnafjorden kommune melding frå Joint Battery Initiative (JBI) om at Lyseparken ikkje har nådd opp i konkurranse med vel 100 andre moglege lokasjonar for ein norsk, storskala, batterifabrikk.

Det opplyser kommunen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er skuffa, men dette opnar masse andre moglegheitar for oss, seier ordførar Trine Lindborg er offensiv etter at kommunen fekk nei frå Equinor, Hydro og Panasonic om batterifabrikk i Lyseparken.

Etter ein systematisk gjennomgang av alle dei innkomne forslaga, har JBI gjort fyrste evalueringa og står att med ei liste på rundt 20 tomteforslag som skal vurderast vidare. Bjørnafjorden er ikkje mellom oss.

– Basert på ei heilskapeleg vurdering har vi konkludert med at dykkar forslag dessverre ikkje er med i den vidare prosessen. Prosjektet mottok eit høgt tal gode forslag, og vi har difor dessverre ikkje hlve til å gå inn på kvar enkelt avgjerd, skriv JBI i avslaget.

Les også
Slik skal Bjørnafjorden vinna intens kamp om gigantisk batterifabrikk - sjå video
Les også
Batterifabrikken: – Me er framleis med i vurderinga

Ordføraren uttalar at ho «sjølvsagt er skuffa».

– Eg meiner jo framleis at Lyseparken er eit veldig godt alternativ for batterifabrikken, men aksepterer at dei vurderer det annleis. Samstundes så opnar dette nye moglegheiter for oss. Gjennom arbeidet med prospektet for batterifabrikken har vi fått gjort mykje godt marknadsføringsarbeid og fått ein flying start, kommenterer Lindborg.

Ho konstaterer at næringssjefen no får vekentlege førespurnader frå interessentar som er nysgjerrige på Lyseparken.

– Det er fleire av desse som vi har hatt, og vil ha, ein vidare dialog med, opplyser Lindborg og held fram:

– Konseptet for Lyseparken er Noregs mest framtidsretta energi- og teknologipark. Det står fast og det skal vi realisera. Lyseparken ligg framleis tett på flyplass, utdanningsinstitusjonar, forskingsmiljø og alt det Bergensregionen har å by på. Vi skal bli ein sentral aktør i det grøne skiftet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Skal etablera storskala batterifabrikk i Noreg: Kommunen jobbar intenst for å selja inn Lyseparken