Heilt avgjerande: – Det er heilt avgjerande at vi står saman også i tida som kjem, seier ordførar Trine Lindborg.

– Må førebu oss på 14 dagar til med tiltak

– Det er framleis for tidleg å sleppa opp, seier ordførar Trine Lindborg.

7. november innførte Bjørnafjorden kommune ei rekke lokale smitteverntiltak. Desse gjeld i utgangspunktet til og med måndag 23. november, men alt tyder på at dei vert forlenga med i alle fall 14 dagar.

Les også
— Denne gongen tek vi betre vare på barn og unge, sårbare grupper, folk som må vera på jobb og psykisk helse.
Les også
Dagens forskrift går ut måndag - dette seier ordføraren om vidare tiltak

- Dette er ein felles dugnad for å slå ned smitten i heile bergensregionen. Vi ser heldigvis at tiltaka begynner å virka - og at det er summen av tiltaka som gir effekt. Bjørnafjordingane har vore veldig flinke til å følgje reglane, men alle medisinske tilrådingar tilseier at det framleis er for tidleg å sleppa opp, uttalar ordførar Trine Lindborg og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er heilt avgjerande at vi står saman også i tida som kjem. Eg unner alle ei mest mogleg normal advents- og juletid - og då må vi halda ut med strenge, lokale tiltak ei stund til.

Ekstraordinært kommunestyremøte

Kommunestyret i Bjørnafjorden skal behandla ei eventuell forlenging av dei lokale smitteverntiltaka i eit ekstraordinært kommunestyremøte måndag 23. november.

- Først etter at forskrifta er ferdig måndag, og lagt fram for kommunestyret måndag kveld, veit vi om det vil bli mindre endringar. Men i utgangspunktet må folk førebu seg på at dei same reglane vil gjelda fram til og med 7. desember, seier Lindborg til kommunens heimesider.