Kurt Oddekalv meiner fjæra bak han er blant dei finaste naturplassane nær Os sentrum.
Kurt Oddekalv meiner fjæra bak han er blant dei finaste naturplassane nær Os sentrum.

- Må ikkje ta friluftsperla frå osingane

Miljøaktivist og friluftsliv-elskar Kurt Oddekalv hiv seg inn i debatten om bubilplass på Haugsneset.

I onsdagens utgåve av «Os og Fusaposten» skreiv me om nabolaget på Haugsneset som er kritisk til at Os kommune planlegg å laga bubilplass mellom moloen og Vindauge mot Fjorden-komplekset. Dei næraste naboane er ikkje åleina om å reagera.

- Det er ikkje ofte eg vert forbanna, men då eg las denne saka her, vart eg verkeleg det. Her selde Os kommune heile høgresida av hamna til Os Sjøfront, så skal dei no gje finaste plassen på venstresida til omreisande bubilfolk. Kvar skal osingane sjølv få ha sitt naturlege pustehol ut mot sjøen? undrar Oddekalv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frilufts-perle

Kaland-bebuaren har i alle år hatt eit nært forhold til Os. På moloen på Haugsneset er han av og til og fiskar.

- Eg meiner dette er ei frilufts-perle i Os sentrum. Dette er ein plass der osingar og vitjande skal kunne ta kjærasten med på tur og kikka utover Bjørnefjorden. Eg kan ikkje sjå at idyllen vert ivareteke dersom fem-seks bråkete bubilturistar står og rusar med aggregata sine like ved, seier Oddekalv.

Han synest det er korttenkt av politikarane å satsa såpass på tilfeldige forbipasserande turistar.

- I staden for å leggja til rette for bubilturistar, som det kanskje er sesong for ein månad eller to, burde kommunen lagt til rette for at innbyggjarane kan bruka dette området meir. Det er jo ein flott fiskeplass og badeplass like ved. Og den naturlege fjæra her er vakker nok som ho er. Me må ivareta det naturlege. Os er ikkje ein by, men ein landsby, og det særpreget må de halda fast ved, seier Oddekalv.

Må ivareta vassdraget

Miljøforkjemparen peikar ut mot moloane ved inngangen til Os hamn, og held fram:

- Dei to moloane markerer inngangen til Osvassdraget. Innanfor skal laksen få symja rundt og tilvenna seg frå brakkvatn til saltvatn. Det er viktig at dette området ikkje vert innskrenka ytterlegare, seier han.

Oddekalv er ikkje imponert over bygga på motsett side av vågen.

- Dei derre Os Sjøfront-bygga ser ikkje ut. Det er stygge lågblokker ved inngangen til ei sjarmerande hamn. Her på denne sida er det langt betre. Oselvarverkstaden markerer starten på ei ikkje-industrialisert side av vågen. Vindauge mot Fjorden-bygget følgjer godt opp. Det er blant dei finaste byggja eg har sett oppført så nær ein våg. Denne venstresida av vågen er motsatsen til det harde bypreget på høgresida. Lat osingane få ha det slik i framtida også. Ein parkeringsplass vil øydeleggja dette, avsluttar Oddekalv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje overraska

Prosjektsjef i Os kommune, Tor Inge Døsen, lèt seg ikkje overraska over at folk engasjerer seg i Os-bygda, men her meiner han både bebuarar og Kurt Oddekalv med fordel kan "gira ned nokre hakk".

- Lat oss ta det første først. Det har lenge vore regulert for parkeringsplass på dette området, så det bør ikkje koma som noko nytt for bebuarane. At området no også skal kunna nyttast av eit par bubilturistar i veka tyder ikkje at det vert all verda til auka trafikk i området. Til Oddekalv vil eg seia at han må lesa seg litt meir opp før han hissar seg opp. Området skal ivaretakast, og det skal rustast opp - både for bubilcamparar, innbyggjarar og andre Os-gjester. Slik det er i dag er det slett ikkje noko fint område. Når parkeringsplassen er ferdig, vil me syta for grøntareal og anna beplanting rundt, samt benker - alt til glede for alle som vil bruka området, seier Døsen.

Vil ha liv i sentrum

At det vert parkering og bubilplass er sikkert.

- Dette er bestemt politisk, og det er også løyva 1 million kroner til prosjektet for inneverande år, seier prosjektsjefen.

Han legg til at parkeringsplassen og opprustinga rundt berre er eit av mange tiltak som til saman vil gjera Os til ein meir attraktiv plass.

- Os er ein stor bygd, og det er ikkje noko hyggjeleg å ikkje ha bubilplass nær sentrum. Me ønskjer at det skal skje ting i Os og me ønskjer at folk skal kunna koma på vitjing. Alt i alt vil me at det skal vera liv i og rundt sentrum. Det burde også dei som flyttar inn her ha fått med seg. Dersom dei ønskjer fred og ro rundt seg, så er kanskje ikkje eit sentrum beste plassen å busetja seg, seier Døsen.