Alt sommaren 2015 starta NAV med møte for sosialhjelpsmottakarar. To gonger i veka er dei pliktige å møta opp, elles kan det bety reduksjon i sosialhjelpstønad. (Arkivfoto)
Alt sommaren 2015 starta NAV med møte for sosialhjelpsmottakarar. To gonger i veka er dei pliktige å møta opp, elles kan det bety reduksjon i sosialhjelpstønad. (Arkivfoto)

Må jobba for stønad

Frå i år av er kommunane pliktige til å stilla vilkår om aktivitet for sosialhjelpsmottakarar under 30 år. Os har alt gjort dette i halvanna år.

Stortinget vedtok 7. april 2015 å innføra lovfesta aktivitetsplikt for mottakarar av økonomisk stønad etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga. Det er gjort unntak for brukarar som har tungtvegande grunnar til ikkje å kunna oppfylla aktivitetskravet.

Alt sommaren 2015 starta NAV med møte for sosialhjelpsmottakarar. To gonger i veka er dei pliktige å møta opp, elles kan det bety reduksjon i sosialhjelpstønad. Leiar i NAV Os, Lars Trane, fortel at dei har sett større på det, og ikkje berre sett på sosialhjelpsmottakarar under 30 år. Også dei som er eldre har teke del, sjølv om det berre er pliktig for dei under 30 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har ikkje nøyaktige tal på kor mange som deltek, men det er i hovudsak mellom fem og femten. Det er relativt få sosialhjelpsmottakarar som lever av økonomisk sosialhjelp som hovudinntekt. I møta jobbar vi med alt frå CV-ar og søknader, og øving på intervju.

Talet brukarar aukar

Mottakarane har stort sett vore flinke til å møta opp, men det hender også at nokon ikkje møter.

- Om ein ikkje oppgjev grunn til fråvær, så kan vi redusera økonomisk sosialhjelp. I verste fall kan ein kutta ut sosialhjelpen i ein kort periode. Møteplikta er til for å få folk til å ta grep. Ein må vera aktiv. Det er ikkje lett å få jobb i dagens marknad, seier Trane.

Sjølv om det i Os i dag er få sosialhjelpsmottakarar som lever av økonomisk sosialhjelp som hovudinntekt, ser NAV at talet aukar.

- Vi ser i 2017 ein auke i talet på sosialhjelpsmottakarar. Det gjer at utfordringane i høve aktivitetsplikt aukar, seier Trane.

Vil starta kommunalt arbeidslag

Kommunalsjef for helse, oppvekst og beredskap, Nils-Petter Borge, har ikkje høyrt om at nokon i Os har mista retten til sosialhjelp som følgje av brot på aktivitetsplikta. Han fortel vidare at kommunen vedtok aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar i 2015.

- I dag får brukarane hjelp og råd frå NAV med tanke på å skriva CV, og råd og rettleiing i jobbsøkingsprosessen. Vi er i ferd med å vidareutvikla konseptet, og ser på høva for å starta eit kommunalt arbeidslag, der ein tek seg av førefallande arbeid som til dømes vedlikehald, seier Borge.