Vaksinering: Neste veke er vaksineteamat klart for å gje dei over 65 sin tredje dose med koronavaksine.

– Må sjølv bestilla time for tredje dose med korona-vaksine

Mange eldre i kommune trur at dei vil bli kalla inn til vaksinering for tredje dose mot korona. Det er ikkje tilfelle.

Legekontora i kommunen får stadig spørsmål frå eldre om kvifor dei ikkje har fått innkalling til tredje dose.

— Det er tydeleg at ikkje alle har fått med seg at dette er noko dei må ordna sjølve, er meldinga frå eit av legekontora i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale stadfestar at det er slik det er.

— Ut frå korleis det har vore med dei to første koronavaksinane, er det mogleg å forstå at mange no trur dei vert kalla inn til denne tredje dosen også, men slik er det altså ikkje. Ein må sjølv aktivt gå inn i «Helseboka» å bestilla time, eller ringja til vaksinetelefonen vår på 913 58 649, fortel Dale.

Tre dagar med massevaksinering

Han slår fast at tilbodet om ein tredje dose med koronavaksine i denne omgang gjeld for dei i kommunen som er over 65 år.

— Me veit at me har kring 4.000 personar i denne aldersgruppe i kommunen vår. Neste veke har me sett av tre dagar til å gje ein tredje dose til dei som bestiller time. Både i Fjord`n senter og i Oshallen gjeld dette for onsdag, torsdag og fredag, opplyser Dale.