Vil nå ut: - No nærmar det seg påmeldingsfrist og vi vil gjerne koma ut med informasjon til alle som ønskjer å vurdera tilbodet, seier kateket Gro Helen Skjælaaen. Her i lag med sokneprest Roar Hallesby Evjedal.

Må tenkja nytt kring konfirmant-informasjon: Inviterer til møte på YouTube

Tidlegare år har kyrkjelyden vore rundt på skulane for å informera om konfirmantopplegget. I år må dei tenkja nytt.

- På grunn av smittesituasjonen og påfølgjande restriksjonar har årets «tour» til 8. klassingane i kommunen blitt sett på vent. No nærmar det seg påmeldingsfrist og vi vil gjerne koma ut med informasjon til alle som ønskjer å vurdera tilbodet, seier kateket Gro Helen Skjælaaen.

I morgon inviterer ho og kyrkjelyden difor både konfirmantar og føresette til informasjonsmøte på Os sokn sin eigen YouTube-kanal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her kan ein få litt meir detaljert informasjon om grupper og innhald for komande kull, opplyser Skjælaaen.

Ho legg til at dei samstundes håpar at dei uansett kan få ta ein runde rundt på skulane i neste veke. Dette jobbar dei med å avklara.