Trafikkontroll: Her gjennomførte politiet laserkontroll torsdag.

Må ut med 12.100 kroner etter laserkontroll

Fleire førarar blei stoppa på Halhjemsvegen torsdag, då politiet gjennomførte laserkontroll.

Kontrollen blei utført i 12.40-tida torsdag ettermiddag i 70-sona på Halhjemsvegen.

Politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon opplyser i ein e-post at det blei skrive ut fem forenkla førelegg, og at føraren med høgast fart blei målt til 97 km/t.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne føraren må ut med heile 12.100 kroner og får tre prikkar på førarkortet sitt.

Kontroll på ferjekaien

Politiet gjennomførte også kontroll på Halhjem ferjekai torsdag. Under rus- og dokumentkontrollen blei 59 kontrollerte.

– Ingen reaksjonar, opplyser Lyssand.

Svindelforsøk

Torsdag fekk politiet også melding om eit svindelforsøk. Ei kvinne i 50-åra som skal ha vore til legen onsdag, skal torsdag ha blitt tilsend betalingslenke frå “Convene”.

— Denne viste seg å vera falsk, skriv Lyssand, som opplyser at kortet til meldar blei sperra og svindelforsøket stansa.