Trafikkontroll: Onsdag hadde Utrykkingspolitiet (UP) trafikkontroll på Halhjemsvegen. Der var det mange som blei vinka inn til sida etter ikkje å ha halde fartsgrensa.

Må ut med 14.500 kroner etter råkøyring

Føraren var langt frå åleine om å vera for hard på pedalen.

Onsdag gjennomførte Utrykkingspolitiet trafikkontroll på Halhjemsvegen i 80-sona.

Det opplyser politioverbetjent Atle Birkeland, ved Bjørnafjorden politistasjon, i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

— 23 førarar fekk eit forenkla førelegg. Den høgaste farta som blei målt, var 113 km/t. Føraren får 14.500 kroner i førelegg og tre prikkar på førarkortet, skriv Birkeland.