To kontrollar: Politiet i Fusa gjennomførte to laserkontorllar onsdag.

Må ut med 4.700 kroner etter å ha blitt tatt i laserkontroll

Fusapolitiet hadde to laserkontrollar onsdag ettermiddag. I Bergegrend blei tre sjåførar bøtelagde.

— Vi hadde to laserkontrollar i går, fortel politioverbetjent, Anders Opsal og held fram:

— I Bergegrend var det tre bilistar som blei tatt for å ha køyrd for fort. Vi stod i 50-sona. Høgaste fart på staden var 69 km/t. Dette var ein mann. Han får eit førelegg på 4.700 kroner, fortel Opsal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet stod i Bergegrend i vel ein time. Seinare stilte dei seg opp på Vinnes. Der var det ingen reaksjonar.

— Det var veldig bra. Det var ein del trafikk, men det var ikkje nokon som køyrde for fort.