Melde om hending: Eitt felt skal i skrivande stund vera stengd på E39 i Endalausmarka. Vegtrafikksentralen melder at årsaka er ein madrass i vegen.

Madrass på vift på E39: — Det er mogleg at nokon søv dårleg i natt

Vegtrafikksentralen melder om stengd køyrefelt mellom Lyshorn- og Skogafjellstunnelen på E39.

Klokka 20.27 melde Vegtrafikksentralen om at ein madrass ligg i vegen på E39 i Endalausmarka.

På X (tidlegare Twitter) skriv Vegtrafikksentralen Vest at eit felt er stengd i påvente av at madrassen skal bli fjerna. Trafikken flyt i eitt felt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikkoperatør Eirik Elnes opplyser klokka kvart på ni at politiet har vore på staden for å dra madrassen bort frå vegen.

— Entreprenør er straks på staden for å ta med seg madrassen. Fjerna han heilt. Trafikken går greitt på staden. På- og avkøyringsrampane er ope. Fartsgrensa er sett ned som følgje av madrassen. Ingen trafikale problem å melda om, seier Elnes og legg til:

— Men det er mogleg at nokon søv dårleg i natt.

Oppdatert: Madrassen blei fjerna kring klokka 21.15.