Ein institusjon: I Os-bygda har musikaren og trommeslagaren Magne Lunde vore ein institusjon

Magne Lunde (70) har gått bort

Magne Lunde er død, 70 år gamal.

Magne Lunde er omtala som ein av Noregs aller beste trommisar og var ein legende i norsk musikkliv. Han har spelt på tallause plater med nokre av dei største banda og musikarane i Noreg. Han mottok også Kongens fortenestemedalje.

Os & Fusaposten har fått stadfesta dødsfallet frå nær familie.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Os-bygda har musikaren og trommeslagaren vore ein institusjon, og han har lang fartstid som lærar i kulturskulen og på Kongshaug Musikkgymnas.

På Facebook har svært mange av Lundes vener skrive minneord etter musikaren. Ein av desse er Bård Ose.

– Med ham er en av Norges beste trommeslagere borte. En markant musiker som har spilt med utallige artister gjennom 55 år. (...) Det er ikke for ingenting at han ble tildelt Kongens fortjenestemedalje. For meg var «Manna-en» det største forbildet blant norske trommeslagere. Men viktigst av alt - Magne var en god venn. Hjertet hans har gjerne sluttet å slå, men trommene hans vil alltid være der. Fred over ditt minne, Magne, skriv Ose.

Os & Fusaposten fekk ein prat med Magne Lunde då han fylte 70 år. Her fortel han om sitt svært innhaldsrike musikarliv og mykje av det som gjorde han så høgt respektert i musikk-Noreg.

Les også
Søndag fyller Magne Lunde 70 år: — Framleis ikkje mett på livet med to trepinnar i nevane