2-4: Tilsette i brann og redning reiser normalt ut i grupper på 2-4 personar for å måla isen, «slik at dei kan rykka ut i samla tropp dersom alarmen går medan dei held på».

Målar isen på fem utvalde vatn - slik vart resultatet etter tysdagens måling

Bjørnafjorden brann og redning måler isen på utvalde vatn ein til to gonger i veka i kuldeperiodar. Siste måling vart gjort tysdag.

Isen på desse vatna vert målt: Ulvenvatnet sør (Moberg), Ulvenvatnet nord (Sigurdsvika), Banktjørno, Gåsakilen og Lekvenvatnet.

Konklusjonen etter målinga tysdag er at ingen av desse vatna har farbar is.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen opplyser at tilsette i brann og redning normalt reiser ut i grupper på 2-4 personar for å måla isen, «slik at dei kan rykka ut i samla tropp dersom alarmen går medan dei held på».

For at dei skal godkjenna og skilta vatn med trygg is, må dei ha målt 90 prosent av vatnet til å ha 15 centimeter eller tjukkare is. Dei vurderer årleg kva for vatn i Bjørnafjorden som blir målte.

Kommunen kjem samstundes med ei oppmoding om å følgja isvettreglane:

1. Ha respekt for isen. Ver merksam på at isen aldri kan bli heilt sikker overalt.

2. Ikkje gå på is om du ikkje kan svømma. Helst bør du ha prøvd å vera i isvatn, delvis for å kjenna til korleis det er, men like mykje for å kjenna til din eigen reaksjon dersom du kjem i så kaldt vatn. Kan du ikkje svømma, bør du ha på deg ein form for flyteplagg

3. Hald deg på sikker is. Styr unna stader der du bør vita at det er svak is. Du må ikkje gå ut på is som er ujamnt tjukk med ujamn bereevne utan at du har god kjennskap til is og har trent på å oppfatta variasjonar i isen. Med kjennskap til is vil du gå utanom siv, råker, bruer, oddar, utløp, innløp, tronge sund, stader der du veit det er grunnar, eller der isen akkurat har lagt seg.

4. Ver spesielt merksam på is om hausten og våren, og på is som er dekt av snø. Nylagt is eller is som nærmar seg å gå opp, er upåliteleg. Snødekka is kan vere skummel fordi du ikkje kan sjå eller merka kor han er svak, før det er for seint. Spesielt merksam skal du vera dersom snøen har lagt seg på isen kort tid etter at isen la seg. 30 cm snø isolerer og gjer at isen ikkje legg på seg.

5. Bruk alle sansane når du går på isen. Isen gir lyd frå seg. Høge og korte lydar er eit varsel om tynn is. Kvit eller grå is er svakare enn mørk is (gjeld ikkje vårisen) og blank is. Is på saltvatn er svakare enn is på ferskvatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

6. Gå fleire saman. De kan redda kvarandre. Går de litt spreidd, vil de fordela vekta over ei større flate, samtidig som ikkje alle vil gå igjennom på éin gong.

7. Ta med deg tilstrekkeleg sikringsutstyr. Dette avheng av erfaring og kva type tur du er på. Ein godt festa sekk med skiftetøy pakka i vasstett pose, gir oppdrift. Ispiggar er obligatorisk. I tillegg bør du ha ei kasteline med deg.

8. Om du går gjennom isen, ikkje få panikk. Tenk klart, og sjansane aukar for at du kjem deg opp igjen. Forsøk å halda hovudet og øvre del av kroppen mest mogeleg over vatn. Dette vil redusere nedkjøling og auke sjansane for overleving. Kjem du under isen, leit deg fram til der isen er mørkast, der er det ope vatn. Søk alltid etter å koma opp i den retningen du kom frå før du gjekk gjennom. Bruk ispiggar, tollekniv, stav eller ein spiss gjenstand for å hogga tak i isen, og hjelp til med kraftige spark.

9. Om andre går gjennom isen, hald avstand. Bruk såkalla forlenga arm - helst ei redningsline, livreddingsbøye eller anna du kan kasta bort til personen i vatnet. Har du ikkje dette, trekk deg fram på magen og rekk ut ei ski, skistav, eit belte, ei grein eller liknande. Syt for ei form for forankring, så ikkje du blir dratt uti.