Seksjonsleiar av sivilseksjonen, Åsta Bakke Mjelde, fortalde om at januar og februar har synt ein vekst i talet "inkasso-saker".
Seksjonsleiar av sivilseksjonen, Åsta Bakke Mjelde, fortalde om at januar og februar har synt ein vekst i talet "inkasso-saker".

Mange osingar i Luksusfellen

I 2016 har politiet sett ein auke i talet saker der osingar har late seg lura av nett-tilbod av typen "Kjøp no, betal om seks månader"

Dette kom fram under politiets årlege framlegging av statistikk til media. Seksjonsleiar av sivilseksjonen, Åsta Bakke Mjelde, sa at i januar og februar har ein sett ein vekst i talet tvangssaker som har med utlegg og tilbakelevering å gjera. Populært kalla inkasso-saker.

- Folk må bli flinkare til å seia nei til den typen reklame. Det verkar i utgangspunktet grådig greitt å la opp eit forbrukslån for å få råd til noko. Men folk må lesa det som står med lita skrift, sa Mjelde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ofte står det kjøp no, betal om seks månader. Men kor ofte har du eigentleg betre råd om seks månader? la lensmann Oddbjørn Dyrdal til.

Frykteleg uføre

I 2015 hadde politiets sivilseksjon 1137 saker med utlegg som tvangsmiddel (namsmynde tek pant i eigedelar hjå debitor). I 26 saker vart tvangssal/tilbakelevering konsekvensen av ubetalte rekningar. I 2014 var tala endå høgare, medan 2016 ser ut til å gje ein ny topp.

- Når folk ikkje betaler, kjem det purringar. Når dei ikkje vert betalte, går det til namsmannen. Mange kjem på den måten opp i eit frykteleg tungt uføre. Når folk ser på «Luksusfellen» på TV tenkjer dei ofte "går det an å ha det slik?", men situasjonen er heilt lik for fleire osingar, sa Mjelde.

Ho la til at dei ofte opplever at folk tek kontakt og lurar på korleis dei skal forholda seg til dette. Må dei selja huset, bilen? Søkja gjeldsordning? Ho opplyste at denne biten ligg til kommunen, som har gjeldsrådgjevingsteneste via NAV.

Sterkt press mot unge

Lensmann Oddbjørn Dyrdal la til at det også kjem av den generelle samfunnstrenden med materialistisk press.

- Presset og jaget mot born og unge er svært sterkt. Me skulle ønska me hadde ressurar til å jobba førebyggjande med dette, spesielt opp mot born og unge. Det er for enkelt å stifta gjeld, til og med over telefonen. Me ser at det får negative ringverknader som kan gå over i kriminalitet, sa Dyrdal.

Bør inn i skulen

Ideelt sett skulle dei ønskt at det offentlege skuleverket kunne læra born ein del elementære ting om privatøkonomi.

- Dersom skulane ikkje tek dette ansvaret, vert det opp til foreldre. Og me ser at ein del foreldre ikkje er i stand til å ta det ansvaret. Dårleg økonomisk sans går gjerne i arv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statistikk/Tvangssaker

Dei 1209 sakene på feltet tvangssaker i 2015 fordelte seg slik, med 2014-tala i parantes

Utlegg: 1137 (1234)

Utkasting: 19 (19)

Tvangssal/tilbakelevering: 26 (38)

Tilvisning/innkrevjing: 23 (14)

Utlevering: 4 (2)

Naturskader: 9 (0)