Mange lovbrot: Ein kontroll avdekte mange lovbrot i hummarfisket i Vestland.

Mange politimeldingar etter hummarkontroll: - Nedslåande

30 politimeldingar og 70 beslaglagde teiner var resultatet då Fiskeridirektoratet, Kystvakta og politiet nyleg gjennomførte ein kontroll av hummarfisket i Vestland.

Kontrollen gjekk over fire dagar i kommunane Øygarden, Austevoll og Bjørnafjorden, og resultatet var nedslåande, ifølgje Fiskeridirektoratet.

– Samanlikna med tidlegare kontrollar i same område etter at hummarfangstperioden er slutt, er dette litt nedslåande, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beslaga vart gjorde mellom anna med bakgrunn i feil fluktopning, manglande rømmingshol, dårleg eller mangelfull merking og fangsting i fredingsområde for hummar, skriv Fiskeribladet.

Hummarfisket sør for Stad vart avslutta 30. november, men held fram til 31. desember nord for Stad.