Kontroll: Statens vegvesen gjennomførte kontroll av tunge køyretøy ved Svegatjørn måndag. (Arkivfoto)

Mangla EU-kontroll: Avskilta

Totalt 58 tunge køyretøy vart kontrollerte ved Svegatjørn måndag.

Av desse 58 vart eitt køyretøy avskilta for manglande periodisk køyretøykontroll.

Til saman delte Statens vegvesen ut fire bruksforbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre personar fekk pålegg om å sikra lasta betre før vidare køyring.

Éin førar fekk gebyr for dekk under lovleg mønsterdjupne.

Fem køyretøy fekk mangelsetlar for tekniske manglar.