Mann forsøkt rana

Tysdag kveld fekk politiet melding om ein mann som hevda å ha blitt forsøkt rana.

Meldinga nådde Bjørnafjorden politistasjon klokka 18.47 og kom frå ein relativt ung mann (fødd i 2005). Han hevda å ha blitt forsøkt rana av fire gutar som kom frå ein parkert bil. Mannen gjekk då på eit fortau i Os sentrum.

Då dei fire gutane kom mot han, rømte han inn i ein hage og vart teken hand om i ein bustad der. Dei i bustaden melde frå til politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet kom til staden, noterte seg for opplysningar og sak er oppretta.

Uregistrert motorvogn

Klokka 21.30 tysdag kveld stansa og kontrollerte politiet to lettmotorsyklar som kom køyrande gjennom Lyshorntunnelen frå Bergen. Den eine motorsykkelføraren vart meldt for bruk av uregistrert motorvogn.