Kontroll av ein person: Då politiet kontrollerte ein person i Os sentrum, skal ein forbipasserande ha spytta mot dei.

Mann skal ha forsøkt å spytta på politibetjent

Fredag kveld skal ein mann i 40-åra ha forsøkt å spytta på ein politibetjent.

Det melder Vest politidistrikt på Twitter. Forholdet skal ha funnen stad i 18-tida fredag kveld ved Landboden i Os sentrum.

– Mannen blei sett i arrest. Han vil bli meldt for forulemping av offentleg tenestemann, då han skal ha forsøkt å spytta på ein politibetjent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt fortel at det ikkje er så mykje meir å seia om saka enn det som kom ut på Twitter.

– Politiet var på staden i samband med eit anna oppdrag. Det var kontroll av ein person, og dette blei raskt løyst. Mannen som ikkje klarte å oppføra seg, og spytta mot politiet, var ikkje involvert i saka politiet var der for i utgangspunktet, fortel Magnussen.