Vinnarrekkja: Dette er vinnarrekkja.

Mann frå Bjørnafjorden vann to millionar etter sju rette i Lotto

Kjøpte vinnarloddet via mobilen.

Åtte personar prikka inn sju rette i Lotto laurdag, og vann 1.947.440 kronar kvar. Ein av desse er ein mann frå Bjørnafjorden, som hadde kjøpt loddet via mobiltelefonen.

Slik reagerte han:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dette går berre ikkje an! Eg såg at de hadde ringt meg. Eg var oppteken med noko anna, så eg rekte ikkje å ta telefonen. Eg gjekk inn og sjekka kupongen, og trudde ikkje det var sant at eg hadde vunne. Eg trur det knapt no. Eg skjelv i heile kroppen min no. No skal eg feira litt, og eg skal bruka pengane veldig fornuftig, seier ein glad vinnar til Norsk Tipping.