Mann i 30-åra mistenkt for køyring i påverka tilstand
Mannen vart stogga av politiet i Hagavik i 18.30-tida torsdag.
Den mannlege føraren i 30-åra er ifølgje politiet busett i Bjørnafjorden. Han vart stogga i Hagavik i 18.30-tida torsdag, mistenkt for køyring i påverka tilstand.
– Førarkortet er mellombels inndrege og sak oppretta i påvente av blodprøvesvar, opplyser innsatsleiar i Bjørnafjorden og Austevoll lensmannsdistrikt, Atle Birkeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidlegare på dagen, i 17-tida, vart ein kvinneleg førar stogga på E39. Ho fekk eit forenkle førelegg for mobilbruk under kjøring. Det kosta henne 5.000 kroner og tre prikkar på førarkortet, fortel politiet.´