Søkte: Politiet søkte i området etter melding om to personar som hadde sprunge gjennom hagar.

Mann og kvinne skal ha sprunge gjennom hagar med eit løparhjul

Reagerte på åtferda.

Torsdag ettermiddag fekk politiet melding om at to personar, ein mann og ei kvinne, sprang rundt i hagar i området Banktjørnhaugen/Prestegardsskogen.

— Dei hadde med seg eit løparhjul. Meldar reagerte på åtferda. Politiet søkte rundt i området, men trefte ikkje på aktuelle personar, opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Atle Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Køyrde for fort

Kring klokka 13.30 torsdag hadde Utrykkingspolitiet (UP) trafikkontroll ved Ulvenvegen.

— Eitt forenkla førelegg blei skrive ut, for 93 km/t i 80-sona, skriv Birkeland.