Brann i fritidsbåt: Klokken 10:26 tirsdag formiddag rykte naudetatene ut til brann i en fritidsbåt på Lysekloster.

Mann omkom i båtbrann

Ein mann vart funnen omkomen inne i ein utbrent båt ved Lysekloster tysdag formiddag.

Klokka 10:26 tysdag formiddag rykte naudetatene ut til brann i en fritidsbåt på Lysekloster. Båten var plassert på land ved ein einebustad. Naudetatene var raskt på staden, men båten var overtent. Brannvesenet melde at brannen var sløkt kort tid etter.

Ein mann blei funnen omkomen inne i den utbrente båten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mannen er ikkje formelt identifisert, men basert på vitneopplysningar veit politiet kven mannen er og næraste etterlatte er informerte. Dei blir i det vidare ivaretatt av kommunens kriseteam, opplyser Gry Benedicte Halseth, kommunikasjonsrådgjevar i Vest politidistrikt.

Politiets kriminalteknikarar gjorde tysdag innleiande undersøkingar på staden og avdøde vart brakt til Gades for obduksjon. Båtvraket skulle fraktast til politiets lokale for vidare gjennomgang.

Politiet har oppretta undersøkingssak for å søkja å finna brannårsaka.