Båt: Bjørnafjorden brann og redning var på staden med båt.

Mann ramla utfor skrent i Vargavågen-området. Veit ikkje kor lenge han har lege der

Låg vanskeleg til.

Like etter klokka 12 søndag melde politiet på X at ein mann hadde ramla utfor ein 3-4 meter høg skrent i Vargavågen-området.

Vedkomande låg vanskeleg til, og det var behov for båt for å koma til staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naudetatane rykte ut og brannvesenet sende båt.

Like etter kl 12.30 kom meldinga om at personen var lagt på båre. Skadeomfanget var per då ukjend.

Det var også uvisst kor lenge han hadde lege der, og mannen, som skal vera i 40-åra, skal ha vore sterkt prega og forkommen.

Brannsjef Espen Storum sitt mannskap måtte henta vedkomande med Unik-båten deira. Hendinga skjedde på motsett side av Vargavågen.

Vedkomande skal ikkje ha vore i vatnet.

Mannen vart frakta til Haukeland Universitetssjukehus.

Politiet har oppretta undersøkingssak.

På båre: Like over 12.30 kom meldinga om at personen var lagt på båre.