Utrykking: Ein mann fall i terrenget i nærleiken av Langevatnet, og kom seg ikkje ned på eiga hand. Brannvesenet og ambulanse kom til staden for å hjelpa til.

Mann skada etter fall i terrenget: Blei frakta ned ved hjelp av firehjuling

Det opplyser varabrannsjef Erik Walden ved Bjørnafjorden brann og redning.

Klokka 10.09 søndag kom det inn melding om at ein jeger hadde falle og skada seg i oppe i terrenget i nærleiken av Langevatnet.

— Mannen har falle og klarer ikkje å gå på eiga hand. Det er to frå ambulansen og to frå brannvesenet ute for å hjelpa til. I tillegg er det ein jeger som hjelper til, fortalde Walden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varabrannsjefen var på staden, men ikkje oppe i terrenget.

— Det er ein ATV tilgjengeleg. Det er usikkert om han blir brukt. Det kjem an på type skade og skadeomfang, fortalde Walden då.

Seinare kom det opplysningar om at mannen blei frakta ned ved hjelp av firehjulingen.

— Han blei lagt på båre oppå firehjulingen, og er no komen i ambulansen. Der vil dei ta ei vurdering. Mannen hadde ryggsmerter, opplyste Walden seinare på dagen.