Skremmande åtferd: Fleire skoleborn skal ha opplevd mannen som ubehageleg og skremmande då han kontakta dei på busshaldeplassen i Os sentrum.

Mann skremte born på bussterminalen i Os

Ein mann i 50—60 åra skal ha vore ubehageleg då han oppsøkte borna som venta på bussen heim etter skulen.

Det var far til eitt av borna som melde politiet om den skremmande åtferda til mannen onsdag ettermiddag i 14-tida. Borna hadde opplevd mannen som pågåande, og sprunge frå staden.

— Me veit ikkje kva hensikter mannen har hatt, men politiet vil gjerne vita kven denne mannen er, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.