Helikopter har vore nytta både måndag og tysdag i søket etter mannen.
Helikopter har vore nytta både måndag og tysdag i søket etter mannen.

Mannen er funnen

Politiet opplyser i kveld at leitemannskapet har funne ein død mann, og har stadfesta at han er den sakna, Nils André Norheim.

Tysdag ettermiddag fekk avisa tips om at søkemannskapet hadde funne mannen. Det vert stadfesta av politiet i kveld.

– Den avdøde er identifisert som den sakna Nils André Norheim, heiter det frå politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ingenting som tyder på at mannen er utsett for noko kriminelt.

Korpsleiar i Os Røde Korps, Atle Vågstøl, kommenterer den omfattande innsatsen hjelpemannskapet har  lagt ned.

– Saman med dei andre frivillige har me vore 50 personar i sving som har leita etter mannen frå klokka 8 i dag tidleg, seier Vågstøl.

Heile meldinga frå politiet

I forbindelse med søk etter savnet mann i Os ble det i kveld ca. kl. 17.30 gjort funn av en død mann i søksområdet.

Den avdøde er identifisert og det var savnede Nils Andre Norheim, 54 år, fra Os, som ble funnet død.

De nærmeste pårørende er varslet.

Det er ikke mistanke om at dødsfallet skyldes en kriminell handling.

Jan Tore Heggholmen

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiførstebetjent

Søket har pågått i over eitt døgn. Mannen gjekk på fjelltur måndag føremiddag, og var sist sett kl. 1140. Eit krevjande fjellterrenget har komplilsert søket, og både sivilforsvar, Røde Kors og andre frivillige har vore med på søket.