Éin patrulje frå Os, og to patruljar frå Bergen rykte ut til det politiet først trudde var eit masseslagsmål på Halhjem ferjekai.
Éin patrulje frå Os, og to patruljar frå Bergen rykte ut til det politiet først trudde var eit masseslagsmål på Halhjem ferjekai.

Masseslagsmål var usemje

Klokka 11.30 meldte Hordaland politidistrikt om slagsmål mellom 8-10 personar på Halhjem ferjekai. Kort tid seinare kom kontrabeskjeden.

- Noko overdriven melding. Det heile bunner ut i usemje mellom to menn, skreiv Operasjonssentralen i Hordaland på Twitter litt før klokka tolv.

Den første meldinga var langt meir dramatisk: Slåstkamp på ferjekaien. Fleire patruljebilar på veg, lydde beskjeden.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då vi kom fram til staden, var situasjonen i det store og det heile over. To personar hadde vore i klammeri med kvarandre. Det viste seg at den eine, heilt uprovosert, hadde slått til den andre, opplyser operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt til «Os og Fusaposten».

- Vi held framleis på å nøsta opp i saka. Patruljen frå Os er framleis på staden. Det er ro og orden der no, seier Kronen.