Då Mathilde Sennesvik fekk sjansen, oppfordra ho også politikarane til å vekkja mot i andre.
Då Mathilde Sennesvik fekk sjansen, oppfordra ho også politikarane til å vekkja mot i andre.

Mathilde (15) med klar tale til kommunestyret

Ungdomsskuleeleven kasta ikkje bort tida då ho fekk fem minutt framføre dei som bestemmer i kommunen.

Mathilde Sennesvik og Erik Mjelva er Unge Motivatorar i organisasjonen MOT, og representerer Os ungdomsskule. Begge ungdomsskulane i bygda er MOT-skular, noko som betyr at dei har eit aktivt lokallag av organisasjonen. Organisasjonen når 65.000 norske ungdommar, men har også vakse seg langt ut over Noregs grenser. Dei jobbar bl.a. for inkludering for alle og utvikling av trygg ungdom som er sikre på eigne val. Tysdag kveld fekk elevane fortelja om sitt arbeid for politikarane i Os kommunestyre.

Mathildes appell

Etter at dei hadde fortalt om kva arbeid dei har gjort som Motivatorar ved Os ungdomsskule, tok Mathilde igjen mikrofonen og kom med følgjande appell til politikarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– De som er politikarar må hugsa på å gle nokon kvar dag. Gje ros, gje ein klem, sei «ha ein fin dag» til nokon. Det skapar mot i andre. Me er nøydde til å skapa mot, sa Mathilde.

Erik Mjelva følgde opp med å oppfordra alle til særleg å bruka Mot til å glede-dagen, 23. november, til å gjera noko fint for andre.

– Me som er Unge Motivatorar har bestemt oss for å reisa opp til Luranetunet for å gjera noko bra for dei eldre. Og me oppfordrar alle til å bruka den dagen, sa Mjelva.

MOT-gjengen fekk politikarane med på fleire eksperiment for å understreka sine poeng.
MOT-gjengen fekk politikarane med på fleire eksperiment for å understreka sine poeng.

Blitt tøffare å vera ung

MOT-instruktør Anne Solberg Andersson fortalde at dei skulane som har dette programmet, har mindre problem med mobbing enn andre skular.

– Akkurat i går høyrde eg på ei jente som var så trist fordi ho hadde fått så mange stygge kommentarar. Slike ting jobbar me for å førebyggja. Det har blitt mykje tøffare å vera ungdom i dag. Det er eit enormt press mot borna, og det kostar å stå i mot, sa Andersson.

Ho la til at sosiale medium er noko av den viktigaste grunnen til at det er blitt tøffare.

– Mykje av det handlar om folkeskikk og oppdraging. Det har foreldra ansvaret for, men det er også eit samarbeid. Me kan ikkje løysa alle problema på 1-2-3, men me kan så eit frø, og det kan vera med og hjelpa mange ungdommar, sa Andersson.

Frå utrygg til trygg

Mathilde fortalde at mykje av jobben til ein UNG Motivator handlar om å få folk til føla seg trygge og inkluderte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då eg skulle begynna på ungdomsskulen, var eg nervøs for dei store og tøffe elevane. Eg kjente nesten ingen. Men så møtte eg dei som var motivatorar då, og dei var veldig flinke til å informera oss og gjorde oss trygge. No er eg sjølv av dei eldste, og kan vera med og bidra til at andre trivst og er trygge, sa Mathilde.

Dei har mellom anna vore rundt på ulike barneskular og hatt kurs med 7. klassane for å svara på spørsmål dei hadde rundt det å begynna på ungdomsskulen.

– Grunnen til at me reiser rundt er at borna skal bli trygge på oss og ikkje vera sjenerte, sa Mjelva.

ol@osogfusa.no