Oppdrag: Politiet blei tysdag kveld kontakta om støy i området ved Gåsakilen.

Måtte køyra firhjulingen til land då politiet kom til staden

Støy frå vatnet viste seg å vera fleire vaksne på ein firhjuling.

Tysdag kveld i 20-tida fekk politiet melding om støy frå vatnet på Gåsakilen. Det viste seg å vera fleire vaksne på vatnet. Alle fekk pålegg om å halda seg borte frå isen og avslutta, melder politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand i ein e-post.

Tysdag hadde politiet også mobil- og beltekontroll i Mobergsbakken. Ein person blei stansa for mobilbruk og fekk eit førelegg på kroner 5.000 som følgje av dette. Vedkomande vedtok førelegget, ifølgje politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.