Dette er noko av det som møtte representanter frå idrettslaget på første nyttårsdag.

Måtte starta året med dugnadsarbeid etter skadeverk på kunstgraset og mykje boss på anlegget

Søre Neset Idrettslag måtte starta året med dugnadsarbeid.

– Kring midtsirkelen på banen, er det restar av store mengde fyrverkeri. Enkelte stader, er kunstgraset svidd. Det er ikkje kjempestore skader, men det er frustrerande og irriterande. Vi veit ikkje kven som står bak. Det er ikkje slik det skal vera, og vi måtte starta året med dugnadsarbeid. Vi måtte rydda området for fyrverkeri og knuste spritflasker. Ungane skulle jo koma der i dag, fortel leiar i Søre Neset Idrettslag, Bjarte Aarvik.

Det skal ikkje ha vore dei største skadene på kunsgraset, men enkelte stader skal det ha blitt svidd.

– Er dette eit problem som går att kvart år?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei. I fjor stod det folk på parkeringsplassen – ikkje på banen. Denne gongen har det vore store mengde fyrverkeri på banen og på tribunen – i tillegg til parkeringsplassen.

Politiet er orientert om hendinga.

– Vi har vore på staden og teke bilete og sikra spor, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.