Feststøy: Politiet måtte fleire gonger ut for å dempa feststøy i Os natt til laurdag.

Måtte ut to gonger til same adresse

Politiet melder om fleire klagar på feststøy natt til laurdag.

Politiet måtte fleire gonger ut for å dempa feststøy i Os natt til laurdag. Første melding fekk dei klokka 23.30. Då vart det klaga på bråk frå ei privatadresse på Nore Neset. Patruljen var i kontakt med eigaren av bustaden, og musikken vart skrudd ned.

Likevel måtte patruljen ut til same stad halvannan time etter. Då vart det gjeve pålegg om å stansa musikken. Etter dette vart det ikkje meldt om meir bråk på adressa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også to andre stader i Os vart det meldt om feststøy natt til laurdag,