MC-førar vart køyrd til legevakta etter ulukka torsdag kveld

Til sjekk: Politiet melder ikkje om personskade, men ambulanse kom til ulukkesstaden og MC-føraren vart køyrd til legevakta for sjekk.

Føraren av motorsykkelen vart køyrd til legevakta etter ulukka torsdag.

Torsdag kveld var det ei trafikkulukke på Ulvenvegen, nokre hundre meter frå Irgenskrysset, der ein køyrer inn til Spar-butikken.

Ein gut på 17 år på moped og ei kvinne (66) med éin passasjer i bilen, var involverte i ulukka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet melder ikkje om personskade, men ambulanse kom til staden og MC-føraren vart køyrd til legevakta for sjekk.

– MC skal ha køyrd forbi bilen, medan bilen skal ha svinga inn mot Spar-butikken. Sak er oppretta, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand