Heidi Eikeland Rød og broren Jan Frode Eikeland er fjerde eller femte generasjon Eikeland som driv kolonialbutikk i Eikelandsosen.
Heidi Eikeland Rød og broren Jan Frode Eikeland er fjerde eller femte generasjon Eikeland som driv kolonialbutikk i Eikelandsosen.

- Me ser lyst på framtida

Før Fjord'n Senter etablerte seg i Eikelandsosen for snart 30 år sidan, var det tre kolonialar i området. Ein av dei, Brødrene Eikeland, driv framleis god butikk, no under Bunnpris-kjeden.

Brødrene Eikeland AS vert i dag drive av Jan Frode Eikeland og søstera Heidi Eikeland Rød.

- Eg tok over drifta av butikken etter far, Johannes S. Eikeland, i 1997, og har arbeidd her sidan eg var ferdig med militæret. Det skulle vel bli rundt 36 år sidan, fortel Jan Frode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heidi byrja å jobba for fullt i butikken i 1991. To av døtrene hennar er også innom butikken for å jobba nokre timar i månaden. Dei er enno i skulealder, så det er mest for å tena seg nokre ekstra slantar.

- Er det nokon i den yngre garde som har ytra ønske om å driva butikken vidare?

Jan Frode og Heidi ser på kvarandre, og ristar deretter smilande på hovudet.

Brødrene Eikeland AS har vore ein del av Bunnpris-kjeden sidan januar 2013. Butikken har endra seg opp gjennom åra, men har lege på same staden heilt sidan 1880.
Brødrene Eikeland AS har vore ein del av Bunnpris-kjeden sidan januar 2013. Butikken har endra seg opp gjennom åra, men har lege på same staden heilt sidan 1880.

- Nei, det anar me ikkje. Det er ingen av dei som har ymta frampå om at dei vil ta over, seier Jan Frode.

- Sonen min er nyleg ferdig med militærtenesta, og jobbar her akkurat no, men om han blir her over tid veit me ikkje. Han er utdanna tømrar, så han vil vel kanskje prøva å få seg eit arbeid innan det faget, legg han til.

Men dei er likevel optimistar på butikken sine vegne.

- Dette kan endra seg om nokre år, og me vil forhåpentlegvis kunna jobba her ei god stund til, smiler Heidi.

Når det regnar på presten...

- Korleis opplevde de tida etter at Fjord'n Senter opna i 1988?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me var sjølvsagt veldig spente på korleis det ville gå med oss etter nyetableringa. Og handelen gjekk nok litt ned i den første perioden, men så stabiliserte det seg igjen. Etter ei tid fekk me faktisk fleire kundar enn før, fortel Jan Frode Eikeland.

- Korleis forklarer du det?

- Det er sikkert fleire årsaker til det. Me var førebudde på at konkurransen ville bli tøffare, og moderniserte difor butikken og utvida samstundes lageret vårt året før Senteret opna, fortel Jan Frode.

Det dei kanskje ikkje hadde venta, var at det nye senteret drog folk frå fleire delar av Fusa til Eikelandsosen på handletur, og at nokre av dei også stakk innom butikken deira.

- Ja, du kjenner vel til ordtaket: Når det regnar på presten, så dryp det også litt på klokkaren. Det vart også positivt for oss, seier Jan Frode.

Totalrenovering av butikken

Brødrene Eikeland AS har hatt samarbeid med ulike kjeder opp gjennom åra. Før Bunnpris kom inn i biletet i januar 2013, var dei ein del av ICA Nær-kjeda, og før der igjen var det Fokus.

- Då me vart ein del av Bunnpris-kjeden, fann me tida inne for ei totalrenovering av butikken. Me måtte skifta ut heile det elektriske anlegget, alt inventaret blei kasta og golvet måtte rivast opp og skiftast. Me fekk veldig god hjelp av Bunnpris-kjeden, men det omfattande arbeidet førte også til at butikken måtta halda stengt dei første seks vekene i 2013, fortel butikkeigarane,

- Mista de nokre kundar på grunn av dette?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me var jo svært spente på om det ville skje, men det gjekk heldigvis bra. Kundane kom tilbake, og det går absolutt bra med oss. Det er viktig å fornya seg litt innimellom. Det tener me på i lengda.

Lys framtid

Tidlegare var butikken til Brødrene Eikeland ein meir tradisjonell landhandel. Her selde dei både støvlar, regnty, jernvarer, manufaktur, sengety og leiker.

- Kor mange tilsette har de per i dag?

- Me har rundt 14 tilsette, fordelte på rundt 8 årsverk. Med dei lange opningstidene som butikkane har i dag, treng me fleire som går skiftordning, seier Jan Frode EIkeland.

- Kor stor omsetnad hadde de siste året?

- Me hadde ein omsetnad på rundt 27 millionar kroner, og det er me godt nøgde med. Me ser lyst på framtida for butikken, seier dei blide butikkeigarane.

Handelsmenn i generasjonar

Butikken skal ha blitt skipa alt i 1880, men Jan Frode og Heidi er litt usikre på kven som var den første handelsmannen. Det dei veit er at bestefaren Sigurd og bror hans, Olav, overtok butikken etter far sin, Johannes Hanson Eikeland, i 1919.

Far til Jan Frode og Heidi, Johannes S., dreiv butikken saman med søskenbarnet sitt, Sverre Eikeland, sonen til Olav.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om Bunnpris-butikken er ein topp moderne butikk i dag, så held Eikeland-familien på ein del av det gamle systemet, som til dømes at kundane kan "krita", og få rekning tilsendt eller levert ein gong i månaden.

- Eg hugsar godt at far og mor sat og skreiv namna til kundane på kalendrane som dei leverte ut til jul. Dei kjende alle kundane som handla fast i butikken, seier Jan Frode.