Var på mange festar: Det kom inn forholdsvis mange meldingar om forstyrring av nattero i helga.

Med godvêret kom meldingane om feststøy

Politiet har i helga fått melding om samling av større grupper ungdom utandørs og heimefestar.

I løpet av to timar natt til laurdag var politiet på tre adresser etter meldingar om støy eller forstyrring av nattero, om du vil.

— Det blei gitt munnleg pålegg om å avslutta. Dette var i Lysefjorden, og så var det to stader på Moberg, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Var det store mengder folk på adressene?

— Loggen seier ikkje noko om det, seier Lyssand.

Der det skal ha vore ei større ansamling av folk, er i Ervikane. Truleg var det to ulike festar som gjekk føre seg på same stad. Her var ungdom frå 15 til 20 år samla.

— Det var russ, ungdom og mindreårige til stades. Politiet var i Ervikane klokka 22.39. Då var dei i ferd med å avslutta og pakka saman, seier Lyssand.

Litt seinare kom det melding om forstyrring av nattero på Nore Neset.

— Det var naboar som ikkje fekk sova. Dei på adressa blei bedne om å halda seg rolege.

På ein annan fest skal det ha oppstått slåsting mellom to menn. Lyssand fortel at den mistenkte er fødd på 1980-talet. Den fornærma er fødd på 1990-talet.

— Fornærma hadde med seg ei dame også. Ho skal ikkje ha vore direkte involvert i slåstinga. Fornærma reiste til legevakta for ein sjekk. Det er ikkje meldt om alvorlege skader, seier Lyssand.