Hilldur Løkken Lillestøl og Inger-Johanne Haugland er begge dagleg å finna på kyrkjekontoret i Os. Hausten 2017 fekk desse to ein tur til Tanzania i regi av Kirkens Nødhjelp (KN).
Hilldur Løkken Lillestøl og Inger-Johanne Haugland er begge dagleg å finna på kyrkjekontoret i Os. Hausten 2017 fekk desse to ein tur til Tanzania i regi av Kirkens Nødhjelp (KN).

Med hjarte for Tanzania og Kirkens Nødhjelp

Hildur Løkken Lillestøl og Inger-Johanne Haugland fekk i fjor haust eit interessant innblikk i Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i Tanzania. Tysdag deler dei røynslene med Eldretreffet.

Hildur Løkken Lillestøl og Inger-Johanne Haugland er begge dagleg å finna på kyrkjekontoret i Os. Hildur som kateket i kyrkjelyden og Inger-Johanne som frivilligheitskoordinator. Hausten 2017 fekk desse to ein tur til Tanzania i regi av Kirkens Nødhjelp (KN). Saman med fleire andre fekk dei eit innblikk i nokre av dei prosjekta som KN støttar i Tanzania. Dette gav verdifull innsikt og stor inspirasjon!

Bistand og naudhjelp er nødvendig mange stader i verda. Men det er eit vanskelelg og komplisert arbeid. Naudhjelp må ein inn med raskt og effektivt når katastrofer slår ned i folkegrupper. Og det er ofte vanskeleg å vita når hjelpa skal avsluttast og korleis den skal avsluttast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bistand er hjelpearbeid over lang tid. Ofte blir slik hjelp sett inn i etterkant av ei katastrofe, eller når ein vil hjelpa ei folkegruppe til eit betre liv. Prosjekta er ulike og mangearta. Det kan vera å skaffa reint vatn i ein landsby, skaffa berekraftig arbeid, forbetra folkehelsa, byggja ned spedbarnsdødeligheit, forbetra jordbruk og berekraftig produksjon, for å nemna noko.

God bistand reknar ein det når hjelpa gjer folk i stand til å hjelpa seg sjølve. Bistand gjeven på ein slik måte at det ikkje skaper avhengigheit, men gjev sjølvkjensle og betre livsvilkår.

Dette er noko av det Hildur og Inger-Johanne fekk innsikt i når dei møtte prosjekta som KN støttar i Tanzania. Men dei møtte og det gode, afrikanske lynnet som møter deg med varme og omsorg, og afrikanarane si evne til å skapa fest.

Dette vil dei dela med oss på Eldretreffet tysdag 6. mars. Kom og la deg inspirera!

Som vanleg blir det god servering og ord for dagen. Men denne gongen blir det og utlodning til inntekt for vårturen til Lyngheimsenteret i Nordhordland. Gevinster mottar vi med takk.

Påmeldingslister til turen blir og lagt ut på dette møtet.

Hjarteleg velkomen!

Os Sokneråd i samarbeid med Os Sanitetsforening