
Medan naboen held stengt, har Catten auka omsetninga med 40 prosent
– Me har hatt ein svært god start på året.
Det konstaterer dagleg leiar ved Catten, Jostein Eck.
– Eg overtok formelt som dagleg leiar ved Catten ved årsskiftet i fjor. Samanlikna med då har me hatt ein omsetningsoppgang på kring 40 prosent for januar og februar. Det er tal me naturleg nok er veldig godt nøgde med, seier Eck.
Han er innforstått med at noko av årsaka truleg er at Ilya har vore stengd dei siste månadene.
– Det har nok hatt sitt å seia. Ilya har hatt mange gjestar i helgane, seier Eck.
Har fornya seg
Eck meiner likevel det er fleire årsaker til at besøkstalet på Catten har auka såpass mykje den siste tida.
– Me ser at live-satsinga vår blir positivt motteke. No har me køyrd live-musikk med band eller enkeltartistar kvar helg sidan nyttår. Det er blitt veldig populært, fortel Eck.
I haust fornya han også sportsbaren.