Brannvesenet fekk stoppa brannen på Vestlandske Limtre.
Brannvesenet fekk stoppa brannen på Vestlandske Limtre.

Meiner å ha funne brannårsaka

Brannvesenet måtte søndag rykkja ut på ein brann ved Vestlandske Limtre på Holmefjord.

Meldinga kom inn klokka 10.40 søndag. Ein av dei tilsette var på staden og melde frå.

– Tilsette fekk til å sløkkja synlege flammar, men det starta også å brenna inne i ein vegg. Brannvesenet kom til og fekk rive opp og sløkt. Resultatet blei mindre skader, og det blei ikkje stans i produksjonen. Alt går som normalt no, fortel politibetjent Anders Opsal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva var årsaka til brannen?

– Det ser ut til å vera gneiste frå ein fyrkjele, som har antent spon på utsida av bygget, fortel Opsal.

Trafikkuhell

Det har i helga også vore eit trafikkuhell på kommunegrensa mellom Fusa og Tysnes.

– Det var ei gruppe på åtte syklistar som var på tur. Ein av dei kom borti ein av dei andre, og gjekk i asfalten med ein smell. Vedkomande skada hovudet og blei køyrd til lokal legevakt, fortel Opsal.