Paal Moberg og Børge Solberg har framleis ein del oppussingsarbeid igjen før det er klart for nyopning av Fargerike Os neste veke.
Paal Moberg og Børge Solberg har framleis ein del oppussingsarbeid igjen før det er klart for nyopning av Fargerike Os neste veke.

Meir fargerikt på Fargerike Os

I 64 år har dei oppfordra osingane til å pussa opp. No gjer Fargerike Os det sjølv.

- Nyleg vart me pålagde av kjeda å fornya ein del av butikken i tråd med slik andre Fargerike-butikkar ser ut. Då tenkte me at me lika godt kunna pussa opp heile butikken, seier Børge Solberg.

Etter å ha jobba i bank i Oslo i fleire år kom han tilbake til Os i 2014 for å jobba i familiebedrifta på Haugsneset. Om ikkje lenge overtek han drifta for firmaet i lag med Paal Moberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Far min, Kjell, er fortsatt med, men han nærmar seg pensjonistalderen. Då må nye kostar ta over, ikkje sant, Paal! smiler Børge og ser over på kollegaen.

Frå skippertak til full fornying

På spørsmål om sist dei pussa skikkeleg opp i butikken, må dei to tenkja seg godt om.

- Det er du som har vore her lengst, Paal, kva seier du?

Her kjem det nye fargestudioet i butikken. - Det blir butikkens hjarte, seier Børge Solberg.
Her kjem det nye fargestudioet i butikken. - Det blir butikkens hjarte, seier Børge Solberg.
Solberg-familiens måling og interiør-butikk feirar 65 år i 2018.
Solberg-familiens måling og interiør-butikk feirar 65 år i 2018.

- Åh, det har vel ikkje vore gjort i så stor grad som no så lenge eg har vore her.

- Det har vel meir vore små skippertak me har gjort medan Kjell har vore på ferie, legg Børge tørt til.

Men no er det i alle høve snakk om stor fornying. Sidan like før jul har dei sju tilsette ved Fargerike Os hatt travle dagar med oppussing og fornying, medan dei har prøvd å ekspedera kundane på same tid.

- Det har vore litt "alle mann til pumpene-stemning". Men det har vore moro også. I alle høve no når me byrjar å få oversikta, og ser konturane av kor bra det blir, seier Børge.

Båsar og fargesoner

Då Os og Fusaposten var bortom lokalet måndag ettermiddag, stod det meste på hovudet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nett no er det fullt kaos her, men me har oversikta altså, humra Paal og Børge.

- Det me held på med no er å snikra saman ein del modular som me har fått tilsendt. Faktisk har me fått heile 32 pallar med delar, så det blir litt vaksen-lego-arbeid dette, seier Børge.

Dei to største modulane vert ein ny kasse/betjeningsterminal og ein fargestudio-bås med bord og stolar.

- Fargestudioet blir sjølve hjartet i butikken. Det blir ein plass der kundane i ro og mak kan setja seg ned og sjå på ulike fargeprøver/tapet og liknande, fortel Børge.

Dei sju tilsette i butikken håpar å vera heilt ferdig med oppussinga innan starten av neste veke.

- Me har 650 kvm som skal fornyast med båsar og ulike fargar på veggene, men me heng i så godt me kan, og trur me skal bli ferdige til måndag, seier Paal Moberg.