Snø: Fredag kan det koma så mykje som 15 cm snø.

Melder om sterk vind og snø: — Eg vil ikkje tilrå folk å køyra til fjells i kveld

Frå torsdag kveld vil det blåsa opp langs kysten i Bjørnafjorden kommune. I tillegg kan det koma opp mot 15 cm snø.

Meteorologen i Bergen har ei klar oppfordring til dei som skal til fjells i jula.

— Om de kan, så vent med å køyra til fredag. I ettermiddag og kveld kan det bli ganske guffent på fjellovergangane. Med både vind og snø, kan sikta bli dårleg, seier Magnus Haukeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er sjølv busett på Strøno, og reknar med å merka godt til vêrendringa i kveld.

— For oss som bur ut mot kysten, blir det sterk kuling. I tillegg vil det bli meir og meir snø etter kvart som temperaturen søkk utover kvelden, seier Haukeland.

Kvit veslejulaftan

Vidare vil fredagen bli nokså kvit.

— Det kjem ein del nedbør utover dagen. Ettersom temperaturen då har krope under null gradar dei fleste stadene i Bjørnafjorden, vil dette koma i form av snø. Totalt kan det koma så mykje som 15 cm, seier Haukeland.

Om snøen held seg til julaftan, er han usikker på.

— På veslejulaftan vil det framleis vera kaldt, men utover dagen på julaftan vil temperaturen stiga. Då kan nedbøren gå over til regn, men dette er framleis usikkert, seier den Strøno-busette meteorologen.