Melde inn mistanke om ruskøyring grytidleg torsdag

Legevakt: Kvinna vart teken med til Os legevakt for blodprøve.

Ei kvinne i 30-åra vart teken med til legevakta for blodprøve.

I dag tidleg før klokka halv seks, fekk politiet melding frå nokon som mistenkte at ei kvinne i 30-åra hadde køyrt bil i berusa tilstand.

Kvinna vart oppsøkt, men av omsyn til etterforskinga vil ikkje politiet opplysa kor hendinga skjedde.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Mistenkte erkjende ikkje køyringa, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Kvinna hadde ikkje gyldig førarkot og vart køyrd til legevakt for blodprøve. Det er oppretta sak.