Me kan få ein forsmak på sommaren til helga. (Arkivfoto)
Me kan få ein forsmak på sommaren til helga. (Arkivfoto)

Melder 18 varmegrader

Førre veke skrapte me is på bilane, på slutten av denne veka kan det bli shortsvêr!

Både måndag og onsdag sist veke måtte bilistane skrapa is av bilrutene, og temperaturane kom ikkje over 12 varmegrader heile veka, ifølgje vêrstatistikken til Meteorologisk institutt for vår region. I april månad vart den høgaste temperaturen i Bergen 15 varmegrader, medan 2015 hadde 18,6 varmegrader. Men no kan varmen snart vera på veg.

Mellom 16 og 19

Denne veka starta med kraftig vind - ofte eit teikn på vêromslag. Og ganske rett, langtidsvarselet for komande helga har variert mellom 17 og 19 varmegrader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hjå Yr og Storm varierer langtidsvarselet noko, sjølv om båe er einige om at det gradvis vert varmare ut over veka. I skrivande stund melder Storm om at finvêret kjem på sundag med opp mot 17 varmegrader, og deretter 18 på måndag og tysdag. Yr melde i går om 19 varmegrader på Os laurdag, men har no nedjustert til 13 varmegrader på laurdag, 16 på sundag og 17 på måndag. For Bergen sin del er det meldt om 19 varmegrader alle tre dagane.