Hugsar du denne? Slik ser sol ut.
Hugsar du denne? Slik ser sol ut.

Melder 26 grader torsdag

Men så blir det kaldare igjen.

Det har vore ein kjølig mai månad, med unntak av nokre dagar kring 17. mai.

Torsdag får vi likevel ein kjærkomen smak av sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Yr.no melder heile 26 grader og strålande sol.

– Det blir varmt, det er vi sikker på. Men det er eit stort sprik i prognosane, heilt frå 20 til 30 grader. Men vi ser for oss at det blir temperaturar godt opp på 20-talet. Kanskje rundt 25 grader, seier statsmeteorolog Kristin Seter ved Vervarslinga på Vestlandet til bt.no.

Paraply

Frå fredag av vil temperaturane gå kraftig ned, og ligga på 15 grader pluss minus.

Og ja, du må finna fram igjen paraplyen.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no