Forseinkingar: Her må det påreknast forseinkingar tysdag føremiddag.

Melder om forseinkingar på Hatvik-Venjaneset

Fjord1 opplyser om at det må påreknast forseinkingar i sambandet Hatvik-Venjaneset tysdag.

Det er ikkje oppgjeve noko grunn for forseinkingane frå selskapet si side så langt.

Oppdatert: Tysdag ettermiddag opplyser Fjord1 at det er «nokre mindre problem med ladeanlegget» som er årsaka til at det kan vera forseinkingar i sambandet.