Trafikkulukke: Fredag kveld skal ein bil og ein lastebil ha vore involverte i ei trafikkulukke i Eikelandsosen.

Melder om kollisjon mellom lastebil og personbil

Lastebilen med hengjar skal ha køyrd frå staden før naudetatane kom dit.

Det var i 20.30-tida fredag kveld at Vest politidistrikt melde om trafikkulukka. På Twitter skriv dei at det er snakk om ei ulukke der ein bil og ein lastebil skal vera involverte.

Oppdatert:

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet melde klokka kvart over ni i kveld at det kollisjonen skal ha vore mellom hengjaren på lastebilen og ein personbil. Fire personar var i personbilen. Alle skal vera bevisst og oppegåande, og blir sett til av helsepersonell.

Lastebilen med hengjar skal ha køyrd frå staden før naudetatane kom dit.