Røykutvikling: Politiet melder tysdag ettermiddag om røykutvikling i frå bustad i Marivegen.

Melder om røyk i frå bustad i Marivegen

Ein person skal vera ute av huset og i sikkerheit

Klokka 13:39 melder vest politidistrikt på Twitter at det skal ha komt inn melding om røyk i frå bustad i Marivegen i Os.

Ein person skal vera ute av huset og i sikkerheit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesen er på veg. Politiet er på staden og i kontakt med bebuar.

Oppdatering: Tre brannbilar rykka ut til staden. I følgje brannkonstabel Eirik Walden skal situasjonen no vera under kontroll.

Eigar av huset fortel til Os & Fusaposten at det var han sjølv som meldte frå til brannvesenet, men at han ikkje er klar over kva som kan vera årsaka til røykutviklinga.