Båtbrann: Klokka 20.09 vart det sendt ut melding om at det brenn i ein båt i Lysefjorden. Det skal ha vore to personar ombord då det byrja å brenna.

Melding om brann i båt i Lysefjorden

Det var to personar i båten då det byrja å brenna.

Det skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Meldinga om brannen kom klokka 20.09.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei to ombord har hoppa i sjøen og blitt plukka opp av ein båt. Dei er tilsynelatande uskadde, var meldinga frå politiet for kort tid sidan.

Det er Hovedredningssentralen (HRS) som leier redningsarbeidet.

Klokka 20.46 skriv Vest politidistrikt at det var to menn som var i båten.

– Dei er ombord i ambulansebåten og vert tilsett av helsepersonell, går det fram av meldinga.