Har kontroll på ein mistenkt etter brann

Rykte ut: Det skal ha brunne i terrenget i dette området, ved Ulvenvegen.

Brannvesenet skal ha god kontroll i forhold til spreiing mot bustader.

Fredag opplyste politiet på X — tidlegare Twitter om brann i terrenget/ei skråning ved Ulvenvegen.

Det blei meld om opne, høge flammar, ifølgje politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesenet ved 110 Vest opplyser at brannen i utgangspunktet trua hus, men at dei fekk kontroll først med tanke på spreiing til bustader, og så med tanke på vidare spreiing i terrenget.

Det var dermed ikkje behov for å evakuera dei som bur i nærleiken.

Ingen personskade er meld.

Meldinga om brann kom i 17-tida. Ein time seinare opplyser politiet at dei opphaveleg fekk melding om at det kunne vera snakk om eldspåsetjing.

Rett før klokka 18 skriv politiet på Twitter at dei har kontroll på ein person dei mistenkjer har starta brannen ved å tenna på noko gras.

Politiet orienterer om at dei har oppretta sak.