Å leggja ein mynt framføre huset, kan sjå ut til å vera innbrotstjuvars måte å merka ut hus på.
Å leggja ein mynt framføre huset, kan sjå ut til å vera innbrotstjuvars måte å merka ut hus på.

Melding om myntmerking også i Os

Tysdag melde NRK og TV2 om myntmerking av hus. Også i Os har politiet fått melding om dette.

– Til no har me berre fått ei melding om dette, men me utelukkar ikkje at dette kan vera noko folk bør vera merksame på, seier Audun Hadler-Olsen.

Det var tysdag at TV2 og NRK melde frå om det som kan sjå ut til å vera innbrotstjuvars måte å merka ut hus på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den siste tida har det vore ei rekkje innbrot i hus i ulike stader på Vestlandet. Berre i helga fekk politiet inn meldingar om 13 innbrot.

Politioverbetjent Svein Føllesdal i Vest politidistrikt sa til NRK denne veka at det byrjar å nærma seg ei innbrotsbølgje.

– Det ser ut som dei stort sett brukar same framgangsmåte.Det er å fjerna vindauge og rota rundt når de først er inne. Det ser ut som dei hovudsakleg tek gull og smykke.

Solbakken

Vedkomande som melde frå i Os bur i Solbakken.

- Me håpar folk i området er merksame og melder frå om dei opplever det same, seier Hadler-Olsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no