Fann tom bil: Det var ingen personar på staden, berre ein tom bil med airbag utløyst, ifølgje meldar. No opplyser politiet om at bileigar er på staden.

Melding om trafikkuhell: Fann tom bil i grøfta

Det er meldt om eit trafikkuhell i Lysefjorden onsdag ettermiddag.

Vest politidistrikt melde på Twitter om ei trafikkulukke på Lyseklostervegen onsdag ettermiddag. Meldinga skal ha kome klokka 17.41.

Ein bil skal ha lege i grøfta. Politiet skriv at airbag var utløyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv dei at bilen var forlaten og ingen personar var å sjå.

Politiet har rykt ut og eigar av bilen er no på staden. Det er ikkje meld om personskade.

Er du på staden? Har du tips i saka? Ta kontakt med underteikna.