Krangel og mogleg trusselsituasjon: To gonger på kort tid var politiet i nærleiken av Os sentrum torsdag. Det kom inn melding om ein mogleg trusselsituasjon og ordensforstyrring.

Melding om uavklart trusselsituasjon: Politiet fekk kontroll på mann i 50-åra

Meldinga kom inn torsdag ettermiddag.

— Klokka 17.50 blei det meld om ein uavklart trusselsituasjon i nærleiken av Os sentrum. Politiet fekk kontroll på den mistenkte mannen, som er i 50-åra. Det er ikkje oppretta sak på forholdet, skriv politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Christine Grindstein, i ein e-post.

Kontroll ved Halhjemsvegen

Torsdag ettermiddag hadde Utrykkingspolitiet trafikkontroll i 70-sona ved Halhjemsvegen. Tre personar fekk forenkla førelegg, opplyser Grindstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgaste fart skal ha vore 81 km/t.

Krangel mellom kvinne og mann

Litt tidlegare torsdag, i 15.30-tida, fekk politiet melding om ordensforstyrring eller ein mogleg konfrontasjon i Os sentrum. Ein mann og ei kvinne skal ha vore involverte.

— Ingen av partane ønskte å melda kvarandre, og dei blei dimitterte frå staden, skriv Grindstein.